Hjem > Fylkes-og-lokallag > Møre og Romsdal > Volda INP

Nyheter: Årsmøtet 2025

/images/Møre og Romsdal/Volda/styre2025.jpg

Volda INP gjennomførte sitt årsmøte 9. januar 2025 i Volda Rådhus. Alle medlemmer fekk innkalling i henhold til vedtektene. Blant dei inviterte gjestene var Per Lorentz Kopperstad, politisk nestleiar i fylket, som heldt eit innlegg for dei frammøtte. Det blei tid til å sjå tilbake og evaluere aktiviteten for Volda INP i 2024.

Årsmøtet var prega av entusiastiske medlemmer som ønskte å bidra meir, samt søke meir samarbeid mellom INP-lokallaga på tvers av kommunegrensene i fylket, med vekt på Ørsta og Søre Sunnmøre. Årsmøtet har derfor lagt dette inn i handlingsplanen for 2025. Det blei også diskutert kva ein kan gjere for å engasjere veljarar og medlemmer gjennom aktivitetar og politisk arbeid framover.

Det blei ikkje vedtatt nye politiske saker, men vi skal halde fokus på konsekvenspolitikk og programmet vi gjekk til val på i kommune- og fylkestingsvalet. Medlemsmøter, gjesteforelesningar og Voldadagen er kontaktflater vi ønskjer å utvikle, i tillegg til å vere synlege i oppkøyringa til stortingsvalet.

Det nye styret blei valt slik:

  • Leiar: Dagfinn Kristiansen
  • Nestleiar: Jonas Sollid Egset
  • Sekretær: Ove Rand
  • Kasserar: Alice Kristiansen
  • Styremedlem: May-Lis Lade


Våre nyheter

Årsmøtet 2025
Årsmøtet 2025
Årsmøtet for Volda INP blei gjennomført 9. januar. Nytt styre og ny giv.
Les mer...