Volda INP gjennomførte sitt årsmøte 9. januar 2025 i Volda
Rådhus. Alle medlemmer fekk innkalling i henhold til vedtektene. Blant dei
inviterte gjestene var Per Lorentz Kopperstad, politisk nestleiar i fylket, som
heldt eit innlegg for dei frammøtte. Det blei tid til å sjå tilbake og evaluere
aktiviteten for Volda INP i 2024.
Årsmøtet var prega av entusiastiske medlemmer som ønskte å
bidra meir, samt søke meir samarbeid mellom INP-lokallaga på tvers av
kommunegrensene i fylket, med vekt på Ørsta og Søre Sunnmøre. Årsmøtet har
derfor lagt dette inn i handlingsplanen for 2025. Det blei også diskutert kva
ein kan gjere for å engasjere veljarar og medlemmer gjennom aktivitetar og
politisk arbeid framover.
Det blei ikkje vedtatt nye politiske saker, men vi skal
halde fokus på konsekvenspolitikk og programmet vi gjekk til val på i kommune-
og fylkestingsvalet. Medlemsmøter, gjesteforelesningar og Voldadagen er
kontaktflater vi ønskjer å utvikle, i tillegg til å vere synlege i oppkøyringa
til stortingsvalet.
Det nye styret blei valt slik:
- Leiar:
Dagfinn Kristiansen
- Nestleiar:
Jonas Sollid Egset
- Sekretær:
Ove Rand
- Kasserar:
Alice Kristiansen
- Styremedlem:
May-Lis Lade