Hjem > Fylkes-og-lokallag > Vestland

Lokallag Austevoll INP

"Me vil fortsette å utvikle Austevoll til ein kommune der folk & bedrifter trivst og kan utvikle seg"

Austevoll Industri og næringsparti (INP) vil fortsette å utvikle Austevoll til å være ein kommune der folk og bedrifter trivst og kan utvikle seg. 

Noko av det me brenn for er gode aktivitets og kulturtilbod til innbyggjarar i alle aldrar, forbetra helsetenestetilbodet og arbeidsvilkåra for helsefagarbeidarane, tilrettelegge for eit ope og inkluderande kommunehus, sørge for at det offentlege og det private samarbeider og har god dialog før viktige beslutningar vert vedtatt, halde fram satsinga innanfor vegutbygging i kommunen, tilrettelegge for nærings og oppstartsvirksomheter, kjempe for rekruttering og vekst innanfor fiskeri og havbruksnæringa, gode levekår for våre eldre, samt tilrettelegge for ein god og trygg oppvekst for born og unge.

Leiar i Austevoll INP Even Anders Haugland har alltid tenkt at Norge er eit stabilt og forutsigbart land å bu i, kor eg har hatt stor tillit til våre folkevalgte. Dei seinaste åra har eg dog vorte meir og meir frustrert over kva retning landet går i ved politikken dagens etablerte parti styrer etter.

Lovnader som ikkje vert heldt, eit stadig aukande byråkrati, restriktive retningslinjer beslutta av EU, offentlig pengebruk utan verifikasjoner og disiplin - kor sløsing av fellesskapets finansar ikkje får konsekvenser - og ikkje minst stortingspolitikarar som i stadig aukande grad er vorte ykrespolitikarar som står fram med ei haldning kor dei hev seg over resten av befolkninga er noko av det som har fått meg til å vakna og engasjere meg.

Eg har aldri funne noko parti som samspelar heilt med mine verdiar og tankesett, men eg fann fort ut at INP vår det partiet som ligg nærast mine synspunkt. Vektlegging av yrkeserfaring i politikken, næringsutvikling, utvikle og realisere klimatiltak som faktisk nyttar, sørge for fortsatt utvikling av landets viktigste næringer - olje & gass og havbruk, distriktsvennlig politikk som innbefatter desentralisering av utvalde departementet, samt samferdselspolitikk som skapar langsiktig perspektiv og effektive hovedfartsårer i landet er saker som engasjerer meg.